Vedtekter

§ 1

Bjerkreim bedehus tilhøyrer Bjerkreim Indremisjon som står tilslutta Det Vestlandske Indremisjonsforbund.

§ 2

a) Bedehuset skal i hovudsak brukast til å samle folk om Guds ord og misjonen. Tilgang til å nytta huset har dei som vedkjenner seg den evangelisk-lutherske lære. (ev. kan andre evangelisk konservative trussamfunn få leige huset etter spesiell søknad til styre).

b) Personar som lærer eller lever i strid med skrift og vedkjenning, kan nektast tilgang til å delta som leiarar eller talarar ved arrangement av kristne organisasjonar og lag.

c) Bedehuset kan og brukast til tilstellingar og foredrag av allmennyttig art som ikkje strir mot huset sin eigentlige karakter.

d) Ein kan ikkje nyte eller servere alkohol. Dans er ikkje tillate.

e) Når grupper, lag og foreiningar leiger/nytter huset, må ansvarleg leiar være tilstades.

§ 3

a) Årsmøte for huset og verksemde skal haldast tidleg på nyåret. Årsmøte er årsmøte for både Bjerkreim Indremisjon og for bedehuset. Årsmøte vel styre for Bjerkreim Indremisjon, driftsstyre for huset og valnemnd for neste årsmøte. På årsmøte skal det leggjast fram årsmelding og revidert rekneskap for huset og for Bjerkreim Indremisjon kvar for seg.

b) Dei to styra skal ha 5 medlemmer kvar. Til styret for Bjerkreim Indremisjon skal årsmøte velja 5 medlemmer. Til driftsstyret skal det veljast 4 medlemmer. Det 5. medlemmet i driftsstyret skal vere ein representant frå styret for Bjerkreim Indremisjon, vald ved konstitueringa i dette styret. Leiarane for begge styra skal veljast av årsmøte ved eigne val. Vala er for eit år av gongen. Årsmøte vel styremedlemmer for to år om gongen. Vala skal gjerast slik at ikkje alle styremedlemmene blir skifta ut same året. Kvart år skal det veljast 2 varamedlemmer til kvart av styra. Dei to styra konstituerer seg sjølve. Konstituering skjer på nytt etter kvart val.

c) Dersom eitt av dei styremedlemmene som ikkje er på val, blir vald til leiar for eitt av styra, skal det veljast nytt styremedlem for denne for eit år.

d) Valnemnda skal ha 3 medlemmer valde for 3 år om gongen. Valet skal gjerast slik at ein skiftar ut eitt medlem kvart år.

e) Alle medlemmer over 18 år som har betalt kontingent siste året, har røysterett. For å bli medlem må ein vedkjenne seg som kristen.

§ 4

a) Styret for Bjerkreim Indremisjon har ansvar for verksemda på Bjerkreim bedehus og skal sjå til at huset blir brukt etter reglar som nemnde i § 2. Dei har og eit serskilt ansvar for at verksemda er regelmessig og at vi på bedehuset så langt råd er, har eit best mogleg variert tilbod til alle aldersgrupper. Indremisjonsstyret har elles ansvar for Indremisjonens arbeid på Bjerkreim, bønne og vitnemøte, møteplan, fellesarrangement i regi av bedehuset og utleige av huset til møteverksemd og selskap.

b) Driftsstyret har ansvar for økonomien ved drifta av huset, vedlikehald av huset og uteanlegget (inneber ugrasreinsking, reinhald, snørydding og strøing), vask av huset (lønna og frivillig), innkjøp av driftsmidlar og utstyr til heile huset, utleige av utstyr når dette ikkje blir brukt på huset og organisering av eventuelt dugnadsarbeid.

c) Dersom det skulle oppstå store og vanskelige saker kan dette takast opp i eit fellesstyremøte. Slikt møte skal haldast når eitt av styra ønskjer det. Indremisjonsstyret er overordna driftsstyret. Dette gjeld i saker der det er usemje.

§ 5

a) Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene.

b) Framlegg til vedtektsendring må vere sett fram på eit årsmøte for så å bli handsamma på det neste årsmøte.

c) § 1 og § 2 pkt. a kan ikkje endrast utan at det vert bygt nytt bedehus.

§ 6

a) Skulle Bjerkreim Indremisjon bli nedlagt må dette vedtas på eit ordinært årsmøte med minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene. Dersom opphøyr blir vedtatt, skal det kallast inn til nytt ekstraordinært årsmøte etter minimum 2 månader og vedtaket må her gjentakast med minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene. På det siste årsmøtet skal det veljast eit styre på 3-5 medlemmer, som skal styra bedehuset etter desse vedtektene.

b) Ved ev. nedlegging av Bjerkreim Indremisjon skal eigarskapet for bedehuset, med alt innbo og midler som høyrer til, overførast til bedehuset, ved nytt styre.

c) Dersom Bjerkreim Indremisjon blir slått saman med ein anna organisasjon skal eigarskapet for bedehuset, med alt innbo og midler som høyrer til, overførast til den nye organisasjonen.

Vedteke i årsmøte 19/1 – 1999

Vedteke tillegg i § 4 pkt. c i årsmøte 24/1 – 2006

Vedteke ny § 6 i ekstraordinært årsmøte 5/5 – 2011