Aktuelt‎ > ‎

"Hjulemesse" 4. desember, Julemesse på hjul!

lagt inn 26. nov. 2020, 09:54 av Bjerkreim Bedehus   [ oppdatert 26. nov. 2020, 13:38 ]
Fredag 4. desember kl. 19.30 - 20.30. Utanfor bedehuset blir det julemarknad med sal av julekaker, julepynt, julegraut, lappar ,lynlodd, lodd til hovudtrekking, gourmetbasar og fiskedam. Du får sjå ei flott julekrybbe, møta dei tre vise menn og sjå eit dramastykke for små og store. Alle som møter opp må registrerast og alle må halde ein meter avstand til andre. Du kan alt nå kjøpe lodd til hjulemessas hovudtrekking ved å vippse til 620889, merke beløpet Hjulemessa, så skriv vi lodd på deg. Kr. 10,- pr. lodd.  Arr.  Imf Rogaland.
Comments